Friheim Kulturhus


Startside
Om huset Utleige Kino Sommerkurs Lyd & Lys Litt historie Vaktlister Kontakt oss Langevåg Musikkorps Revy

Tikkio

Kjøp billetter her

 



Vi kan ikkje vite kva dei tenkte, karane som i 1904 bestemte seg for å bygge forsamlingshuset Friheim i Langevåg. For karar var det, nærare bestemt karane i Langevåg Skytterlag. Vi kan vanskelig vite kva vyer dei hadde for huset og kvifor dei valde akkurat namnet Friheim. For den vesle brakka som blei til det første Friheim la grunnen for mykje av bygda si kulturhistorie dei komande hundre åra.

I 1904 hadde tanken på eit eige lagshus fått mogne så pass at dei gjorde vedtak om å samle inn pengar til bygging av hus. Dette førte til ein startkapital på 600 kroner, og det var ein ikkje liten sum på den tida. Neste steg på vegen var å oppnemne ein byggekomite som skulle forhandle med grunneigarar om tomt og med byggmeister om å sette opp huset.

Det ser ut til at resultatet av arbeidet i denne komiteen blei magert, for alt på neste årsmøte blei det valt ein ny byggekomite og denne gongen var mandatet "at handle på beste og billigste måte ved kjøp av en av byens brakker på en størrelse av 10x13 alen grunnflate". Dette var altså året etter den store bybrannen i Ålesund og i den første tida etter brannen hadde det blitt satt opp mange brakker i påvente av den endelege oppattbygginga av byen. Ei slik brakke var det altså som no skulle løyse husproblemet for skyttarlaget.

Og brakke blei det. Men først måtte dei ha tomt og den fekk dei kjøpt av Rasmus Svarstad til ein pris av 100 kroner. Så blei brakka riven og transportert til Langevåg. Sjølve bygningsarbeidet sto Henning Fylling ansvarleg for og i 1906 var huset, Friheim, klart til å bli tatt i bruk.

Som vi forstår var det ikkje store huset dei i første omgang hadde fått opp. 10x13 alen, det skulle bli litt over 6 meter i breidde og vel 8 meter i lengde, altså ei grunnflate på vel 50 kvadratmeter. Ikkje noko praktbygg akkurat, langt derifrå. Men laget og bygda hadde fått eit lagshus og eit forsamlingshus og det var det viktigaste. Og at det var behov for eit slikt hus skulle snart vise seg.

Først og fremst var det sjølvsagt huseigaren, Langevåg Skytterlag, som brukte huset. Til møte av ymse slag, til årsmøta sjølvsagt, og ikkje minst til den etter kvart så viktige og populære årsfesten. For å få vere med på desse festane måtte ein vere aktiv medlem og for å kunne kalle seg aktiv måtte ein ha skote minst 30 skot gjennom året. For dei som verkeleg var aktive var sjølvsagt ikkje det noko problem. Men det blir fortalt at framfor årsfestane var det trongt om plassen på skytebana av folk som måte skyte sine pålagde 30 skot for å få vere med på festen.

Men huset blei brukt til meir enn dette. Talet på alle dei bryllup, dansefestar, privatfestar, basarar, konsertar, aftenunderholdningar og alle andre slags arrangement som har blitt haldne på Friheim gjennom åra er det nok ingen som kjenner. Men det er mange. Svært mange. Ikkje rart at ein snart fann ut at det måtte meir plass til.

I 1913 drøfta årsmøtet i Langevåg Skytterlag om ein skulle bygge nytt hus eller om ein skulle reparere og utvide "det nuværende hus". Det enda med at dei satsa på det siste alternativet. Og i 1915 var det kapittel nummer to i Friheim si historie. Då var huset blitt omlag dobbelt så stort som den gamle brakka. No følte dei nok heilt sikkert at dei hadde fått eit stort og tidsmessig hus, - tenk: heile 100 kvadratmeter. Men det hadde kosta. I tillegg til eigen innsats hadde dei vore nøydde til å ta opp lån i Borgund Sparebank på 850 kroner. Derfor måtte det pengar innatt til laget. Og det fekk dei ikkje minst frå utleige av huset,. Huset var stadig i bruk og husleieinntektene strøymde nærast på. På denne tida kosta det tre kroner å leige huset til eit møte. Skulle det derimot vere bryllup måtte ein ut med 15 kroner for ein kveld. Skulle bryllupet gå over to kveldar måtte ein ut med 25 kroner og var det "trio heile dagar til ende" så var prisen heile 30 kroner. Slikt blir det inntekter av.

 

"Gamle" Friheim slik det såg ut etter utvidinga i 1915.

 

Det er eit sant mangfold av aktivitetar som har gått føre seg innanfor (og kanskje ikkje minst utanfor) veggane på Friheim gjennom åra. Musikk er eit viktig stikkord. Konsertar, både av det seriøse og av det meir lødige slaget. Korpsmusikk, klassisk musikk, jazz og, ikkje å gløyme, dansemusikk. Fiolin og klaver, tuba og trompet, fløyte og klarinett, trekkspel og gitar, alle har dei hattsin naturlege plass på Friheim.

Skodespel har også blitt framført i så mange variantat. På aftenunderholdningane i mellomkrigsåra var skodespel faste innslag. Det same var sang og musikk. Desse underholdningskveldane var, i tillegg til å vere eit økonomisk alfa og omega for arrangørane, reine rugekassa for bygda sine mange talent. Seinare fekk bygda eige teaterlag som, i tillegg til å spele for sine eigne på Friheim, reiste distriktet rundt på turne. Og revyane må heller ikkje gløymast. Aftenunderholdningane var forløparen, der var det alltid med viser som tok aktuelle hendingar og personar på kornet. Seinare blei det heile revyar og dette miljøet har i våre dagar vakse seg sterkt med eige revyselskap og årlege Sulopp-revyar.

Utover i 30 åra blei det meir og meir klart at det "gamle" Friheim ikkje lenger var stort nok og at eit nytt og tidhøvelig kulturhus måtte til. (Ordet kulturhus var sikkert ikkje verken tenkt eller påtenkt i dei åra, men i dag er det nettopp eit kulturhus det ville vore snakk om.) Skytterlaget innsåg at skulle dei kunne tilby bygda det bygda trengde så måtte gamle Friheim rivast og nytt hus byggast. Derfor vedtok dei på årsmøtet sitt hausten1936 å bygge eit nytt forsamlingshus i mur og betong. Men dei var ikkje åleine om slike tanker.

Om lag samstundes arbeidde nemlig Idrottslaget Von med planar om eit moderne samfunns- eller forsamlingshus. Dei kjøpte tomt i Djupdalen, om lag der Sunnmøre Livbeltefabrikk seinare blei bygd og tomta blei utskoten. Arkitekt blei også engasjert og målet var å bygge eit moderne hus med forsamlingssal til om lag 450 menneske. Salen skulle vere utstyrt med dreiescene, noko som ville gjort arbeidet med skodespel og aftenunderholdninger mykje lettare. I underetasjen skulle det vere grupperom og øvingsrom, ikkje minst for Langevåg Hornmusikk.

Men kunne Langevåg ha bruk for to slike hus? Og ville det vere økonomisk grunnlag for å reise begge husa? Svaret var sjølvsagt nei, og kva skulle ein så gjere? Som så ofte når noko skulle gjerast i bygda var ein avhengig av støtte frå Devold-fabrikken. Og Reidar Devold gjorde det straks klart at dersom det skulle byggast eit forsamlingshus så måtte ein samle seg om eit felles prosjekt. Dermed blei det halde drøftingar mellom representanter frå Langevåg Skytterlag og Idrottslaget Von. Men drøftingane førte ikkje fram, partane greidde ikkje å samle seg om eit felles tiltak.

Dermed blei det ein kamp om tida. Den som først hadde sitt prosjekt klart og kunne få det finansiert ville vinne denne kampen og få sitt husprosjekt realisert. Taparen måtte skrinlegge sitt. Det blei Langevåg Skytterag som vann kappløpet og Von måtte dermed sette bom for sine planar.Om denne løysinga var den beste kan ingen vite sikkert. Von hadde eit både større og meir moderne hus i sikte en skytterlaget og hadde dei greidd det dei hadde sett seg føre så hadde Langevåg fått eit flott forsamlingshus etter samtida sine mål. På den andre sida hadde truleg Skytterlaget meir erfaring og større resursar til å bygge og drive eit så stort hus. Og uansett: Med det nye Friheim fekk Langevåg eit stort og fin forsamlingshus som utgangspunkt for eit rikt og mangfoldig kulturliv.

Det blei altså hausten i 1936 Langevåg Skyttarlag sette i gang prosessen som skulle føre frå det gamle Friheim, ei påbygd brakke frå eit brannherja Ålesund i 1905, til det store, flotte og moderne kulturhuset Friheim. Først måtte det gamle huset rivast. Mykje av materialane derifrå blei brukt i innreiinga av det nye huset. Men det aller meste måtte sjølvsagt kjøpast og til å finansiere det heile måtte det eit banklån på 50.000 kroner til. Det var alvorlig mykje pengar, om ein til dømes samaliknar med dei 850 kronene dei lånte då dei bygde på det gamle Friheim vel tjue år tidlegare. I tillegg til banklån og eigeninnsats var fleire bedrifter i Langevåg med på å finansiere bygget.

Ved juletid i 1939 var huset ferdig og 2. juledag kunne det åpnast med fest til inntekt for Finlandshjelpa. På nyttårsaften var det dans, den aller første i nye lokale, og publikumstilstrøyminga var upåklagelig. Seinare skulle det bli svært så mange dansetilstelningar i denne salen som no var ein av dei flottaste og mest moderne i distriktet. Sitteplassar til om lag 400 personar, scene, rett nok ikkje dreiescene slik Von hadde hatt planar om, stort kjøkken og serveringsrom. Jau, dette var noko å gå inn i framtida med.

Framtida, det var ved ingangen til 40-åra som vi no veit først fem år med krig og okkupasjon.Dette sette ein stoppar for ferdigstilling av Friheim. Kjellaren var ikkje ferdig innreidd og blei det heller ikkje før fleire år etter krigen. Ein av dei tinga som blei populært når nye Friheim no sto ferdig var kino. Dei første forsøka med kinodrift hadde vore gjort så tidleg som i 1925. Men den gongen blei det ingen suksess og det var ikkje mange filmane som bli vist. Suksess blei det derimot med kino på det nye Friheim. Frå januar 1940 blei det vist film to gonger for veka og interessa var stor. Så kom krigen og interessa blei ikkje mindre av den grunn. Vanskelege tider gjorde nok at folk trengde noko å slappe av med. Men etter kvart måtte ein vise stadig fleire tyske propagandafilmar, og det ville ikkje folket i Langevåg forlyste seg med. Dermed gjekk besøkstala ned mot sutten av krigen.

Men i etterkrigstida steig interesse for kino sterkt. Og utover i 50-åra var det vanleg med om lag 30.000 besøkande vaksne og 5-6.000 barn for året. Endringa kom med fjernsynet og frametter 60- og 70-åra gjekk besøkstalet berre ein veg. I 1952 hadde Ivar P. Moldvær blitt tilsett som kinosjef og ansvarleg for drifta. Dette arbeidet utførte han i ei årrekke på ein framifrå måte til glede både for bygdefolket og for oppdragsgivaren, Langevåg Skyttarlag.

Men i 1979 var det slutt. Då sa Moldvær opp stillinga si og skyttarlaget såg seg ikkje i stand til å tilsette ny kinosjef. Heller ikkje fann dei økonomisk grunnlag for å halde fram med kinodrifta. På den tida blei det selt berre nokre få tusen kinobilettar for året. Etter dette sto Sula Kommune ansvarleg for kinodrifta fram til 1983 då kinoutstyret blei selt og kinodrifta lagt ned. På denne tida var om lag all anna bruk av Friheim opphørt. Inntektene hadde skrumpa inn og vedlikehaldet var på eit minimum. Få ville bruke huset og skyttarlaget ønska å satse på anlegget sitt ved Øvstevatnet. Framtida var både dyster og usikker for Friheim.

På same tida var Langevåg Musikkorps nede i den djupaste bølgedalen i korpset si meir enn 60-årige historie. Rekrutteringa var ikkje det ho hadde vore, oppslutninga om øvingar var dårleg og fleire gongar var det eit stort spørsmål om ein hadde nok folk til å stille på speleoppdrag. Motløysa var til å ta og føle på. Ja, spørsmålet blei stilt direkte til medlemane: er det liv laga for korpset i framtida?

9. juni 1986 var medlemane i Langevåg Musikkorps samla til årsmøte. Ei av sakene på sakskartet var nytt øvingslokale. Fleire gongar dei siste åra hadde korpset vore på flyttefot og situasjonen var ikkje god. No hadde styret funne fram til to alternativ som dei presenterte på årsmøtet. Men årsmøtelyden, med Oddbjørn Øien i spissen, ville det annleis. Kvifor ikkje kjøpe Friheim? Skyttarlaget hadde lenge hatt ønske om å selje huset. Og korpset hadde behov for skikkelege øvingslokale. Loddet var kasta. Stemninga på årsmøtet var optimistisk. Det var berre å hive seg rundt og satse på Friheim, hevda fleire. Om det ikkje blei gått så drastisk til verks, blei det i alle fall valt ei nemnd som skulle forhandle med skyttarlaget om kjøp og med skulekorpset om samarbeid.

Men som i alle sjøar så var det sjølvsagt skjer også i denne. Økonomi var det største og farlegaste. For det første måtte ein ha pengar til å kjøpe huset for. Men langt meir måtte til for å restaurere det og sette det i skikkeleg stand. Nokre hevda at berre ein fekk sikra seg huset så kunne ein bruke det som det var, i alle fall den første tida. Men stort sett var det semje om at skulle ein kjøpe huset så skulle det også reparerast og moderniserast. Til det måtte ein ha statlege tilskot og lenge såg det mørkt ut. Anten måtte ein inngå samarbeid med fleire brukarar eller så måtte ein konkurrere med store kulturhus som nok vog tyngre enn vesle, gamle Friheim. Optimismen frå årsmøtet fekk motstand å bryne seg på.

Kjøp av Friheim var viktigaste saka på eit ekstraordinært årsmøte vinteren 1987 utan at det kom så mykje meir ut av saka der og då. Signala var negative, men korpset nekta å gi seg så lett. Framover våren blei det arbeidd vidare med saka. Mellom anna opna det seg alternativ for sambruk av huset med kommunen, noko som kunne utløyse statsmidlar til bygget. Og på det ordinære årsmøtet same året blei det samrøystes vedtatt å gi eit forhandlingsutval fullmakt til å kjøpe Friheim. Føresetnaden var at ein kunne kome fram til ein akseptabel avtale med Sula Kommune.

Dermed var det i grunnen gjort. Langevåg Musikkorps + Friheim var sandt! Heretter handla det berre om å finne praktiske måter å gjere ting på. Og å skaffe pengar. Det heldt forresten på å gå rett gale. Etter korrespondanse fram og tilbake til kommune, fylke og stat låg det i 1988 til rette for at Friheim-prosjektet skulle få statleg støtte. Men for å få utbetalt pengane måtte kommunen ta på seg eit overordna ansvar. Langevåg Musikkorps hadde alt hausten 1987 gått i kompaniskap med Langevåg Skolekorps og dei skulle saman stå for alt både praktisk og økonomisk ved restaurering og drift av Friheim. Men kommunen måtte stå som garantist med det overordna ansvaret. Det var her det heldt på å skjere seg.

Først skulle kulturstyret uttale seg. Og dei sa nei. No såg det stygt ut for heile prosjektet. Utan kommunal velvilje kunne det vere kroken på døra for eit nytt Friheim. Men kommunestyret var positive og tok på seg ansvaret og dermed var første økonomiske tildeling sikra. Ein viktig støttespelar på denne tida var kultursjef Tore Hals. Han la ned eit stort arbeid i å finne stønadsmidlar til Friheim og utan hans innsats hadde det nok blitt langt vansklegare å realisere planane.

Hausten 1988 blei det gjort avtale mellom kommunen og korpset. Sula Kommune skulle stå om eigar av tomta, korpset av huset. Musikkorpset fekk festekontrakt på inntil 40 år og med høve til å forlenge når festetida var over, Det var grønt lys for prosjektet "nye Friheim".

"Kjempesuksess i Langevåg" sto det å lese i Sunnmørsposten 3. februar 1992. Det var dagen etter opningskonserten på det nyrestaurerte forsamlingshuset Friheim. Det som musikklivet og kulturlivet i Langevåg og heile Sula hadde venta på i måneder og år var eit faktum. "Nye Friheim" var klar til bruk. Som ein Fugl Fønix frå aska hadde det gamle, slitne og medtatte Friheim frå 1939 forvandla seg til eit imponerande flott og moderne aktivitetshus for kulturaktivitetar av dei fleste slag. Endeleg hadde bygda Langevåg fått eit kulturhus. Eit topp inspirert Langevåg Musikkorps, saman med 16 profesjonelle musikarar som alle starta karrieren sin i korpsmiljøet, sto for den forrykande opningskonserten.

Sunnmørsposten var ikkje snau med karakteristikkane,verken av opningskonserten eller av huset: "Opningskonserten til Langevåg Musikkorps i det "Nye Friheim" i Langevåg i går blei ein kjempesuksess og eit musikalsk fyrverkeri som ein sjeldan har fått oppleve maken til. Frå første trommevirvel og til siste ekstranummer trollbatt musikarane publikum, ikkje berre ein, men to gonger. Konserten blei nemlig halden for to stappfulle hus, og endå var det svært mange som ikkje fekk plass. Og som om ikkje musikken var nok, så var også salen og huset der konserten gjekk føre seg ei oppleving i seg sjølv. Det er eit fantastisk dugnadsarbeid som ligg bak "Nye Friheim". Men så har også Langevåg og Sula fått eit kulturhus som er musikkbygda verdig".

Og Sulaposten følgde opp. "Pangstart for "Nye Friheim" heitte hovedoppslaget den følgjane torsdagen og kritikken var ikkje mindre posistiv der: "Det er ikkje tvil! Nye Friheim tilfredsstilte alle forventningar som Sula sitt nye kulturhus. For publikum blei konserten søndag ei stor oppleving, for maken til musikalsk speleglede har vel knapt vore utvist her på øya nokon gong. (....) Det har vore ein hektisk innspurt siste vekene heilt fram til like før konserten for å få alt ferdig, og la det vere sagt med ein gong; både kafeen, utstillingslokale og veggar med kunstverk frå skular og barnehagar beviste at her har Sula fått eit kulturhus å vere stolt over. Alt takka vere ein iherdig dugnadsgjeng som har stått på i lang tid".

Det var litt av eit maratonløp som som blei avslutte med opninga av eit heilt nytt Friheim vinteren 1992. Hadde korpsmusikarane i Langevåg visst kva som låg framom dei då dei begynte å leike med tanken på å kjøpe Friheim seks år tidlegare hadde dei sikkert sett kroken på døra med det same. Men det var bra at dei ikkje visste. Friheim blei altså kjøpt hausten 1988. Ei kort tid, medan formaliteter og økonomi blei ordna, brukte korpset huset til øvingslokale. Alt då byrja dei nok å forstå kor ille det sto til. Etter sommarferien året etter måtte dei ut att. Då var det klart for byggearbeid. Det vil seie: først blei det vel stort sett rivingsarbeid. Og om dei ikkje hadde forstått det før så skjøna dei det no;her var det eit storarbeid som låg framfor dei.

Det blei ei lang historie og eit omfattande arbeid å restaurere Friheim. Mange og lange dagar, tusenvis av dugnadstimer. Så godt som alt av det gamle måtte bort. Til slutt sto berre eit skal av tak og vegger att. Dører, vindu, rør og leidningar, - alt måtte skiftast ut. I tillegg måtte området rundt huset planerast. For å få nok øvingsrom blei det laga eit tilbygg på nordsida av gamlebygget. Heis måtte der vere. Moderne teknisk utstyr måtte til, både til forsamlingssalen og ikkje minst til eit nytt, moderne kjøkken i kjellaretasjen. Tidsmessig sanitæranlegg måtte huset ha og like skikkelege kafelokale.

Oddbjørn Øien, Reidar Andersen og Jarle Jensen var den ansvarlege byggenemda for arbeidet. Men dei sto ikkje åleine, medlemmane slutta mannjamnt opp. To dagar i veka var det dugnad, laurdag pluss ein kveld. Korpsmusikarane er allsidige, også når det gjeld yrke og fagleg kompetanse. Dermed trengde dei ikkje leige inn fagfolk, alle fagfelt blei dekt av folk i korpset eller med nær tilknytning til korpset. I tillegg var ein så heldig å få deltakarar frå eit arbeidsmarknadskurs i mur- og betongarbeid til å arbeide på bygget. Alt dette ga god og rimeleg arbeidsinnsats.

Men likevel måtte det store pengar til. Med god hjelp frå kultursjef Tore Hals fekk posjektet i overkant av ein million fra staten. Resten av pengane måtte lånast. Ein av bankane i bygda var villig til å ta risikoen og ga lån på om lag 1,5 millionar kroner. Heile byggeprosjektet kom på i underkant av av tre millionar kroner. Skulle ein ha leigd folk til heile arbeidet kunne ein ha mangedobla summen.

Nesten tre år tok det, det praktiske arbeidet med å omskape gammalt til nytt. Om ein tar med tida til førebuing og til finpussing, både inne og ute,kan ein legge til endå fleire år. Ja, på sett og vis blir arbeidet aldri ferdig. For huset har skapt nye behov og korpset har stadig planer for utvidingar og forbetringar. Dei siste åra er det til dømes reist eit tilbygg på vestsida av Friheim i samarbeid med næraste naboen til huset. Her er det både plass til lager for korpset sitt utstyr og eit mindre forsamlingslokale til glede både for huseigar og bygda elles.

Slikt arbeid som det Langevåg Musikkorps starta i 1989 kunne ta knekken på langt større og sterkare aktørar enn eit landsens hornmusikkorps. Det hadde skranta med langevågsblåserane i fleire år då dei tok til med husprosjektet. Oppslutninga om korpset var til tider laber. Korpset kjempa for å halde interessa så nokolunde i live mellom medlemane. Det var ofte vanskeleg å få folk til å møte på øvingar og konsertar. No krevde dei oppslutning om eit dugnadsprosjekt millionklassen. Korleis skulle dette gå?

Det gjekk bra. Utruleg bra. Ikkje berre stilte folk opp på dugnad med hammar og sag og spade og blandemaskin. Men dei stilte også opp på musikkøvingane. Etter kvart som huset tok form merka dei også at samholdet og samarbeidet på byggeplassen smitta over på det musikalske. Ein skulle kanskje ha trudd eller frykta at alle dei lange arbeidsyktene, veke etter veke, månad etter månad, skulle tappe krefter slik at det ikkje blei noko att til musikken. Men det virka motsett. Samhold gjer sterk, heiter eit gammalt slagord. No hadde korpsmedlemmane fått noko å stå saman om. Og det sveisa dei skikkeleg godt saman. Innsatsen for å gjenreise Friheim ga dei også energi til å tru på at dei kunne heve seg på musikkens venger. Gamle medlemar som hadde vore borte frå korpset ei tid kom tilbake og nye kom til. Og dei som kanskje hadde tenkt på å slutte fekk ny inspirasjon og sto på for fullt. Fleire av veteranane i Langevåg Musikkorps meiner i ettertid at utan Friheimprosjektet så er det ikkje sikkert at det hadde vore liv i korpset i dag. Så alvorleg var situasjonen for korpset i 80-åra. Og så viktig var reisinga av kulturhuset Friheim. Viktig for korpset. Viktig for bygda.

Gjenopninga av Friheim blei starten på ein ny epoke og ein ny æra for Langevåg Musikkorps og for kulturlivet i Langevåg og på Sula. Snart blei det ei oppblomstring av nye aktivitetar og "gamle" aktivitetar og aktørar kom igjen på banen. Korpsa, både vaksenkorpset og skulekorpset, fekk betre forhold. Huset gav dei både øvingsrom, konsertarena og ein stad og halde til.

Hausten 1992 fekk Langevåg Musikkorps Sula Kommune sin kulturpris. Dette var både ein honnør for ein svært aktiv kulturinnsats gjennom 70 år og ei understreking av at kommunen sette pris på at korpset hadde gitt Langevåg og Sula det kulturhuset som kommunen sjølv ikkje hadde greidd å skaffe.

Revylivet i Langevåg har fått ein ny vår etter at Friheim blei restaurert. I gamle dager var det vanleg med både rey og aftenunderholdning på Friheim. Etter at Friheim nærast hadde sovna inn blei det i 1980-åra gjort et par forsøk med revy på Sula Ungdomsskule, men alt det tunge arbeidet med å lage scene og kulisser i ein gymnastikksal gjorde at arbeidet blei lagt på is. I det nye Friheim har revyaktiviteten blomstra oppatt og dei siste åra har det jamt vore 1.000 - 1200 nyfikne publikumarar på revyforestillingane for å sjå Hallvard Harhaug, Bjørg Bjørkhaug og Syver Sand og alle andre løgne figurar som speglar av store og små hendingar i bygda. Frå første revyen i 1993 har Sulopp-revyane blitt ein kjempesuksess. Kombinasjonen av gode tekstar, førsteklasses skodespelarkunst og musikk i toppklasse er viktige grunnar til dette. Revyen er no organisert i eit eige selskap, Friheim Revyselskap, som tilfører Friheim viktige inntekter kvart einaste år.

Men Friheim gir også rom for andre aktivitetar. Langevåg Skolekorps bruker sjølvsagt dette huset til øvings- g konsertlokale. Bygda har også fått kinoen tilbake i eit samarbeid mellom Friheim, kommunen og Bygdekinoen. Fleire lag som pensjonistforening og revmatikarlag har fast tilhald på Friheim. Huset er også arena for så ulike ting som fest gravferd. Kafelokala i første etasje blir ofte brukt både av privatfolk og av kommune og organisasjonar til samkomer av ymse slag. Kommunen har stadig oftare lagt møte, kurs og samlingar til Friheim der dei har tilgang på både forsamlingssal, grupperom og serveringslokale. Avgjerande for å kunne gi slike tilbod er ildsjeler i korpset og deira ektefeller som bruker timar og dagar for å halde Friheim i drift. Det tekniske utstyret for lyd of lys er av høg klasse og gjer huset godt egna til framføring av musikk og andre aktivitetar som stiller høge krav til slike fasilitetar.

Det spirar og gror på Friheim og rundt Langevåg Musikkorps. Det er lenge sidan nokon kunne sette tilnamnet "Ondt i magen" på musikkutøvarar frå Langevåg. Det er lenge sidan publikum måtte vite kva stykke hornmusikken skulle spele for å kjenne igjen melodiane. Og det er lenge sidan ei femti kvadratmeters brakke var kulturhuset i Langevåg.

Eit årtusenskifte gir grunn til å sjå seg tilbake, til å sjå på det som har vore. Men det gir minst like stor grunn til å sjå framover, til å skape visjonar om noko som kan bli. Langevåg Musikkorps har grunn til begge delar. Til å sjå tilbake på over 80 år med musikk og kultur og aktivitet i og for bygda Langevåg. Men også til å sjå framover på nye år med liv og utvikling. Det er eit aktivt og levande musikkorps som no har gått inn i eit nytt millenium. Mykje er oppnådd, men meir kan gjerast. "Spenn ei stjerne for di vogn" brukte dirigentveteranen Jens Standal å seie. Den som gjer det kan nå både høgt og langt.